Famelien Hellesund har budd i «Sonne» i mange generasjonar. Fiske og sjølberging frå småbruket med ku og sau var det som gav levegrunnlaget. Etter kvart vart det etablert notlag, sildesalteri, handel med forsyning til fiskeflåten, fraktefart og fiske med eigen båt, samt det å reise som sjømann. Havet har gjeve næringsgrunnlag og fisk har vore på bordet dei fleste vekedagar, som kokt, stekt, salta, tørka eller røykt fisk. Framleis er det tradisjonsmat fra havet familien helst har på bordet.
Livet ved havet og som næraste nabo har også gitt utfordringar. Det at bestefar, onkel og nabo omkom på sjøen når de var ute for å hente nyttårstorsken i 1942, har satt sitt preg på familien og de yrkesvalg som vart tatt. Som dagens Jacob Henrik (fjerde generasjon Jacob i «Sonne») seier; «då eg drog for å ta utdanning vart bilen heist om bord i rutebåten og når eg kom attende var det på veg og bruer som bandt Øygarden saman heilt nord til Hellesøy». Øygarden og næringsgrunnlaget har endra seg mykje med framvekst av olje og gassrelatert verksemd. I dag er det arbeidsplassar knytt til olje, gass og turisme som er domminerande.
I takt med utviklinga er det tidlegare lagt ut tilliggjande område for fritidsbusetnad. Garden Hellesund si utmark som tidlegare vart nytta til beite og torvtaking er innanfor det som i Øygarden kommune sin kommuneplan er godkjent for fritidsbusetnad til vidare næringsutvikling for turisme.